Handlekorga er tom



 

 

    Bui ute    Inne i bui

 Logo 

Opningstider i sommar:

Onsdagar og torsdagar: 12 til 17

Fredagar: 14 til 20

Laurdagar: 10 til 16

Få tilsendt nyheitsbreva våre! Send oss ein epost: post@litenytt.no

Hei adle

Her er eit lite livsteikn frå Lite Nytt! Det har vore mykje å gjere i bui i sommar, så registrering av plater på nettet har blitt litt nedprioritert. No har me litt nytt å fortelje, difor eit lite brev.

SISTE NYTT PÅ BRUKT VINYL

Me klarar nesten ikkje å vente med å fortelje dette: Me har fått 2 nye platesamlingar i hus! Cirka 600 plater står klare til registrering på golvet. Dette kan ta tid, så det kan vere lurt å ta turen innom bui før alle andre gjer det. Det er mykje bra plater frå 70- og 80-talet, og også ein del norske ting. Me har lagt ut litt på nettet, og det kjem meir etter kvart. Me har også lagt ut litt meir klassisk musikk.

SISTE NYTT PÅ NY VINYL

På ny vinyl har me lagt ut ein del nye titlar som me har inne, eller som me kan skaffe på kort varsel:

Siste Tom Petty, Mojo, vart me raskt utselde for. Den har fått litt blanda mottaking, men Mojo var fornøgde og ga den 4 av 5 stjerner. Den er på veg inn att.

Danger Mouse / Sparklehorse henta 4 av 5 stjerner i siste Mojo. Plata har lege på hold ei tid, i påvente at advokatane skulle bli einige om detaljane. I mellomtida har Mark Linkous frå Sparklehorse valgt å forlate oss. Tragisk historie, med andre ord. Gjestelista er imidlertid lystig lesing: Black Francis (Pixies), Nina Persson (Cardigans), Vic Chesnutt, Flaming Lips, Julian Casablancas (Strokes), James Mercer (Shins), Iggy Pop, Suzanne Vega og David Lynch (!). Me let oss imponere.

Ei samleplate med John Prine-sangar (Broken Hearts and Dirty Windows) er også på veg inn. Artistar som My Morning Jackett, Avett Brothers, Conor Oberst, Old Crow Medicine Show med fleire. Dette må vere bra. 

Deer Tick si tredje plate, "The Black Dirt Sessions" er månadens album i siste Uncut. Det vert trekt parallellar til REM, Neil Young og John Lennon. Brukbart skussmål, det.

Mark Olson, ein av låtskrivarane i fantastiske, legendariske, sårt sakna, The Jayhawks, er snart klar med ei ny plate: "Many Colored Kite". Den er heilt sikkert bra! Ta med re-utgjevinga av Golden Smog-plata "Down By The Old Mainstream" også, dersom du er inne på dette sporet.

Uncut August 2010 recommends the best releases, new and old, from the past few months:

  • Gaslight Anthem: American Slang. "Brian Fallon and co continues the fine work: Springsteen's NJ dramas rebooted for a new generation, no less." (5/5)
  • Roky Erickson / Okkervil River: True Love Cast Out All Evil. "Okkervil's Will Sheff catalogued score of Erickson songs and then decided which would make the cut on this comeback. His choices? Wracked missives from a man who has seen a lot." ( 4/5)
  • The National: High Violet. "Impressive, next-level stuff from one of Uncut's favourites. Matt Berninger's band develop their emotional indie with a view to bigger stages." (4/5)
  • Rolling Stones: Exile On Main Street. "From a French basement, and into legend, their decadent masterpiece. Ten extra tracks of mysterious provenance burnish the myth..." (4/5)
  • Blitzen Trapper: Destroyer of the Void. "For years Blitzen Trapper had carved out a decent reputation as purveyors of quirky alternative rock. Destroyer, though, really ticked the boxes: Dylanesque and melodic, it captured our hearts (4/5).
CD-RABATT

Kvar 5. CD er fortsatt gratis! Me spanderar den billegaste. Du må bestille på vanleg måte, så trekker me frå i "kassa". Du kan ikkje "samle opp" CD-ar på tvers av fleire bestillingar, men må bestille minimum 5 CD-ar i same bestilling for å få denne rabatten. Me har massevis av titlar å velje mellom.

PLATER ME IKKJE HAR

Det vert gitt ut meir og meir på ny vinyl. Me er framleis små, og har ikkje høve til å ta inn alt som kjem ut. Men, me kan skaffe det aller meste til konkurransedyktige prisar. Me har fleire leverandørar i Europa og USA, og får inn plater kvar einaste veke. Send oss ein epost, så kan me bestille inn det du er på jakt etter, anten det er på vinyl eller CD. Me har også lagt ut nokre titlar i nettbui som er merka som bestillingsvare. Dette er ting me kan få inn på relativt kort varsel. Bestill i løpet av søndag, så har me som regel platene fredagen etter.

RENSEUTSTYR

Me har rensesett med platekost, stiftbørste, renseklut og renseveske. I tillegg har me to typar renseveske med klut, akkurat slik du hugsar dei frå 80-talet. Dei fungerar fortsatt, medan du sparar pengar til Okki Nokki platevaskaren. Du finn dei under "rens og vask" i menyen til vesntre på framsida av nettsida vår.

OPNINGSTIDER

Me har følgjande opningstider i juli:

  • Onsdagar og torsdagar: 12-17
  • Fredagar: 14-20
  • Laurdagar: 10-16

Du er berre 4 kilometer unna oss dersom du køyrer gjennom Lærdalstunnellen, og nettbui er framleis døgnopen!

Følg oss på Facebook og få korte og hyppigare nyheitsoppdateringar (du blir ikkje teppebomba...)

Ha det bra så lenge - og velkomen til nettbui vår og bui vår i Lærdal!


Beste helsing
Harald B & Harald M


www.litenytt.no 

Telefon: 907 06 222 (defekt fram til 9. juli...)

 

  

Me kan skaffe det meste av ny vinyl, nye CD-ar og nye DVD-ar på bestilling. Ta kontakt!

 


Besøk oss i butikken vår i Lærdal.
Me har hundrevis av titlar som me ikkje har fått registrert enno!
Mykje spennande brukt vinyl!

 

 



Lite Nytt © 2005 / post@litenytt.no