| I menyen til venstre kan du velje blant følgjande kategoriar: plastikk, buttons, musikkblad, rens og vask.
Plastikk er innercover og yttercover til LP-ar (12") og singlar (7"). Bruk av antistatiske innercover er den beste måten å ta vare på platene dine. Yttercover tek vare på coveret. Me har to tjukkelsar på yttercovera til LP-platene.
Når det gjeld buttons har me eit svært avgrensa og eksklusivt utval :-)
Det er få ting som er så moro å lese som gamle musikkblad. Me har fått inn gamle årgangar av norske blad som Beat, Puls og Rock Furore og utanlandske blad som NME. I tillegg abonnerar me på Uncut og Mojo. Desse vert lagt ut etter kvart som dei er lesne. Her har me massevis som ikkje er registrert enno.
I kategorien rens og vask vil du finne ulike ting som kan hjelpe deg å halde platene dine reine og frie for støve og fingeravtrykk (gud forby!). Rolls Royce-varianten er Okki Nokki platevaskaren som kort fortalt fungerar slik: Du festar LP-plata på platevaskaren, har på renseveske med kosten som følgjer med, platevaskaren sug opp resten av renseveska, og plata er så god som ny! Dersom du i tillegg set på nye antistatiske innercver, vil plata di halde seg bra og få eit langt og godt liv :-) |
|
|
| | |