|

Opningstider:
Fredagar: 14 til 20
Laurdagar: 10 til 16
Få tilsendt nyheitsbreva våre! Send oss ein epost: post@litenytt.no
Hei adle
Her kjem siste nytt og gamalt nytt frå Lite Nytt! Nytt og brukt både på CD og LP denne gongen.
EMI har sluppe prisbomber på CD, du kan bestille dei hjå oss for 50/75 kroner. Dette er eit glimrande høve til å fylle hola i CD-hylla. Sjekk lenger nede i nyheitsbrevet.
SISTE NYTT PÅ NY VINYL
Arcade Fire: "The Suburbs" er på lager att. Her kan du sjå ein musikkvideo med ditt eige hus!
Black Label Society, med tidlegare Ozzy-gitarist Zakk Wylde. Mange og tunge gitarriff, med andre ord.
Jon Langford & Skull Orchestra haustar ein 4-ar i Mojo for plata "Old Devils". Dette er bra americana: "There are solid songs here from hard-edged rockabilly to sway-alongs and retro pop-rock, the liveliest bunch you'll ever hear about growing old, staying put, and "getting used to uselessness"".
Chatham County Line, kompisane til Jonas Fjeld, leverar stødig bluegrass på si siste plate, "Wildwood".
Karl Seglem, frå nabobygda Årdal, har gitt ut si fyrste vinylplate, "Ossicles". Dagbladet rulla 6-aren, og oppsummerte ganske greitt: "Flere opererer i dette ureine jazz/folk-farvannet, og det ikke uten hell, men bortsett fra Jan Garbarek på sitt beste er knapt noen i nærheten av Karl Seglem"
3 nye Queen re-issues har også komme ut: "The Game", "Made In Heaven" og "Hot Space". Sjekk her.
Frå tidlegare nyheitsbrev vil me minne om desse:
SISTE NYTT PÅ BRUKT VINYL
Harald B har fylt på med ein del nye brukttitlar: Pretenders, Magnum, Cars, Mellencamp, Joan Jett, Rainmakers, Olav Stedje, Tracy Chapman med meir. Sjekk sjølv.
CD-RABATT
Kvar 5. CD er fortsatt gratis! Me spanderar den billegaste. Du må bestille på vanleg måte, så trekker me frå i "kassa". Du kan ikkje "samle opp" CD-ar på tvers av fleire bestillingar, men må bestille minimum 5 CD-ar i same bestilling for å få denne rabatten. Me har fylt på med enno fleire brukte CD-ar, og har massevis av titlar å velje mellom.
Kvar 5. CD gratis gjeld ikkje EMI for sin haustkampanje. Dette er titlar me ikkje har inne, men som me kan bestille inn til deg - difor den hyggelege prisen. Last ned Excel-arka her (50 kroners CD-ar) og her(75 kroners CD-ar). Fyll inn namn og adresse øverst på arket, og fyll inn kor mange du bestiller av kvar tittel i "ordre"-kolonna. Lagre dokumentet på ein plass du finn det att, og send det til oss på epost: bestilling@litenytt.no. Bestillingsfrist: 7. september. Det skal ikkje vere lang leveringstid på desse CD-ane. Dersom du bestiller både frå reknearka og frå nettbui, sler me sjølvsagt saman bestillingane dine slik at du sparar porto.
PLATER ME IKKJE HAR
Det vert gitt ut meir og meir på ny vinyl. Me er framleis små, og har ikkje høve til å ta inn alt som kjem ut. Men, me kan skaffe det aller meste til konkurransedyktige prisar. Me har fleire leverandørar i Europa og USA, og får inn plater kvar einaste veke. Send oss ein epost, så kan me bestille inn det du er på jakt etter, anten det er på vinyl eller CD. Me har også lagt ut nokre titlar i nettbui som er merka som bestillingsvare. Dette er ting me kan få inn på relativt kort varsel. Bestill i løpet av søndag, så har me som regel platene fredagen etter.
RENSEUTSTYR
Me har rensesett med platekost, stiftbørste, renseklut og renseveske. I tillegg har me to typar renseveske med klut, akkurat slik du hugsar dei frå 80-talet. Dei fungerar fortsatt, medan du sparar pengar til Okki Nokki platevaskaren. Du finn dei under "rens og vask" i menyen til vesntre på framsida av nettsida vår.
OPNINGSTIDER
Me har no gått tilbake til kortare opningstider:
- Fredagar: 14-20
- Laurdagar: 10-16
Du er berre 4 kilometer unna oss dersom du køyrer gjennom Lærdalstunnellen, og nettbui er framleis døgnopen!
Følg oss på Facebook og få korte og hyppigare nyheitsoppdateringar (du blir ikkje teppebomba...)
Ha det bra så lenge - og velkomen til nettbui vår og bui vår i Lærdal!
Beste helsing
Harald B & Harald M
www.litenytt.no
Telefon: 907 06 222
Me kan skaffe det meste av ny vinyl, nye CD-ar og nye DVD-ar på bestilling. Ta kontakt!
Besøk oss i butikken vår i Lærdal. Me har hundrevis av titlar som me ikkje har fått registrert enno! Mykje spennande brukt vinyl!
|