Generell informasjon
Lite Nytt AS Øyragata 18 Postboks 52 6886 LÆRDAL
E-post: post@litenytt.no Telefon: 907 06 222 Bank: 3838.07.70331 Org. nr.: 987 976 896
Bestilling og betaling
Du bestiller varer ved å trykke ”kjøp” når du finn ei vare du har lyst på. Dei varene du har bestilt vil komme opp i handlekorga di, og der vil du også sjå kor mykje du har handla for. Du kan slette titlar frå handlekorga før du sender bestillinga. Når handlekorga består av dei varene du vil ha, trykker du ”gå til kasse”. Der må du legge inn litt informasjon om deg sjølv, før du trykker på ”send bestilling”. Du vil då innan 2 arbeidsdagar få ein e-post som stadfestar at platene er reservert til deg, samt kor mykje porto du må betale. Du får også ein totalsum som du må betale inn på vår bankkonto eller betale med kredittkort. Nærare informasjon om dette får du i e-posten me sender deg. Me reserverar platene i 1 veke.
Porto
Me må forholde oss til Posten, og har difor følgjande portosatsar:
CD-ar: 35 kroner DVD-ar: 35 kroner 7" singlar: 75 kroner LP-ar, 12" singlar, plastikk: 95 kroner
Dersom du bestiller ulike typar, t.d. CD og LP, må du betale den dyraste portoen. Døme: Berre CD-ar og DVD-ar: 35 kroner (uavhengig av antall), CD og LP: 95 kroner (uavhengig av antall).
Bestiller du for meir enn 1500 kroner så betalar me portoen!
Ta kontakt om noko av dette er uklart.
Kvalitetsgaranti
Kvalitet er viktig for oss. Me lovar deg difor pengane tilbake om du får ei plate med hakk i, eller ei plate som du meiner ikkje er i samsvar med kvalitetsgraderingane våre. Send oss ein e-post med kva du er misfornøgd med, så ordnar me opp. Last ned skjema for angrerett.
Mange av LPane vert rensa på ei VPI HW17 LP-vaskemaskin med L`Art du Son renseveske. Dei får så nye antistatiske innercover. Me gjer ikkje dette på alle bruktplater lenger, då det tek for mykje tid. Dersom du vil at me skal rense dei platene som ikkje alt er rensa, så gjer me dette for 10 kroner pr LP.
|