I menyen til venstre kan du bla gjennom dei ulike formata: CD, CD single, LP, 7" single, 12" single og musikk-DVD-ar. Du kan her sortere alfabetisk på artist, rangert etter pris med dei billegaste platene fyrst eller rangert etter registreringsdato med dei sist registrerte fyrst. Den sistnmende varianten er fin for å kunne sjå kva som er lagt inn sidan sist du var innom.
Du finn også nokre underkategoriar:
- vinylsal: dette er LP-plater me har prisa ned fordi at dei har stått lenge i bui, eller fordi at me har vore litt for optimistiske då me handla inn.
- 25 kroners: dette er tilbodshylla vår, billegare blir det ikkje!
- heilt nye: dette er heilt nye (ubrukte) plater
- norsk: her finn du utgjevingar av norske artistar
- utgitt 2010: plater som er gitt ut i 2010. Her kan det også vere re-utgjevingar av gamle plater
- utgitt 2009: jepp: plater som er gitt ut i 2009
- klassisk: her finn du det me har i sjangeren klassisk musikk. Det er mange plater me ikkje har kategorisert, difor har me ikkje laga eigne linkar for andre kategoriar, men du kan søke på det sjølv. Ver då merksam på at det truleg er ein del plater som ikkje kjem opp om du t.d. søker på country elller blues.
I staden for å bla gjennom basert på format, som nemnt over, kan du også bruke søkefunkasjonen og søke på artist eller albumtittel. Du kan også kombinere artist eller albumtittel med sjanger eler medium:
Sjanger: Rock, pop, country, blues, jazz, folk, klassisk, danseband, samle, barn, lydbok, soul, reggae, viser, instrumental, metal og anna.
Medium: CD, CD single, vinyl, 7 single, 12 single og DVD.
Du kan også kombinere desse. Døme på søk:
Døme 1: bob dylan
Døme 2: bob dylan christmas in the heart
Døme 3: bob dylan vinyl
Døme 4: country vinyl
Døme 5: barn cd
God fornøyelse! |