Handlekorga er tom



Om oss

Om oss

Lite Nytt AS blei etablert tidleg på våren i 2005 av Are Nyseth, Øyvind Hamre og Harald Mundal. Ikkje for å tene masse pengar, men for å kunne dyrke musikklidenskapen i enno større grad enn før. Are har laga nettsidene, Harald og Øyvind passar butikken. Sommaren 2006 fekk me med oss Harald Brøyn til å hjelpe oss. Felles for oss alle er at dette er noko me driv ved sida av andre jobbar (noko må me jo leve av!). 

1. januar 2007 valde desverre Øyvind å gje seg. Harald B tok over aksjeposten hans, så no er det Harald M og Harald B som styrer sjappa.

Det som er viktig for oss er at me skal ha det moro når me står i butikken, og dei som besøker oss skal vere fornøgde og tykkje at me har ein fin butikk med godt utval. Skryt og gode tilbakemeldingar er lønna vår!

Velkommen til å handle - me har alltid kaffien klar! 

 


Lite Nytt © 2005 / post@litenytt.no